Therese Bakkevoll (f. 1975) kommer fra og bor i Tromsø. Hun har studert ved Litterär Gestaltning i Göteborg og ved Forfatterstudiet i Tromsø, og jobber som miljøterapeut.
I 2023 debuterte hun med romanen Tallboy, som har høstet gode kritikker.
Bakkevoll møter Vilde Øines Nybakken fra Nordland fylkesbibliotek til litterær lunsj på Narvik bibliotek for å samtale om romanen.

Forlaget om Tallboy:
På eit psykiatrisk sjukehus kjempar både tilsette og pasientar for å oppretthalde kontroll. Dokter Falk luktar stadig oftare av alkohol og har begynt å overnatte på kontoret, flyktningen Bilal får ikkje opphaldsløyve og har slutta å ete, og den tidlegare skodespelaren Katharina skiftar namn og set opp teater i tv-stua.
Sjølv er miljøterapeuten T på randa etter søvnlause netter. Frå vindauget på avdelinga ser ho over til staden der krigsskipet Tirpitz blei bomba, og som farfar hennar var med på å hogge opp etter krigen. No ligg han for døden og all direkte kunnskap om det som skjedde, er i ferd med å forsvinne. Og då ein ny pasient, som påstår at han er Noregs første astronaut, blir tvangsinnlagt, gir ho seg over til han – til det einaste mennesket som ser henne for den ho verkeleg er. (Samlaget)