Irene Larsen og Sissel Horndal

Irene Larsen, forfattar og lektor, f. 1964 i Skjervøy, bosatt i Tromsø.

Larsen sin litteratur er prega av samisk kultur, kvardagsliv og mytologi, i samspel med det moderne, urbane og globale. Forfattaren nyttar mange kontrastar, mellom tradisjon og samtid, det lystige og det mørke, det friske, frodige og dei djupe botnane. Språket er sterkt, fortetta og rikt på uventa vendingar og bilete. Den sjøsamiske bakgrunnen hennar gir farge til ein kontrastfylt og biletrik litteratur.

Larsen har vore ein av arrangørane av Tromsø internasjonale litteraturfestival Ordkalotten. Frå mai 2020 har ho vore leiar av Foreninga samiske forfattere, Searvi sámi girječállide / Siebrre sáme girjjetjállijda, som blei stifta i 2019.

Ho debuterte i 2005 med diktsamlinga Anemonepust, som vekslar mellom haikuform og prosalyrikk. For denne fekk ho Blixprisen. Diktsamlinga Framtida er ein stad til høgre for tavlekanten (2008) tematiserer tid og rom, og utfordrar det målretta mennesket sitt behov for organisering. Samlinga Sortsolsafari (2013) kretsar rundt samisk naturmystikk.

Romanen Der det gror skierri er hennar siste utgivelse, Orkana 2021.

Sissel Horndal
Sissel Horndal (født 1970) er en kunstner fra Nord-Norge, hvor hun bor og arbeider.

Horndal studerte ved Nordland kunst- og filmskole i Kabelvåg (1991–93) og ved Kunst- og designhøgskolen i Bergen (1994–97). Senere studerte hun også dramatisk forfatterskap for barn og unge.

Horndal har jobbet med barnebøker i tjue år og har mottatt flere priser for sitt arbeid. Hun mottok litteraturprisen «Blixprisen» for sitt totale forfatterskap i 2015.